Judo Klubb Stord
Hopp til navigering
Hopp til søk
Stord Judoklubb vart stifta 11. februar 1976, held til i Stord kommune. Klubben høyrer til Judoregion Vest.
Gerhard Elster frå Tyskland skipa klubben då han jobba på Stord ein periode. Etter kort tid flytta han vekk og overlot klubben til lokale krefter, mellom anna Ole Severin Nesse som har vore med i leiinga av klubben i alle åra sidan den gongen.
På 1980-talet hadde judoen ein god periode i Sunnhordland, og på denne tida hadde ein eit visst samarbeid med Fitjar IL - Judo som vart nedlagd i 1994.
Mellom 2012 og 2016 opplevde klubben ei ny stordomstid, med ei god ungdomsgruppe som vann mange medaljar i noregscup og NM særleg i ungdomsklassane. Fleire år på rad var Stord den beste dameklubben i landet.
Styreleiarar
- Kristian Pedersen, 2001-2002
- Kurt Nes, 2002-2005
- Ole Severin Nesse, 2005-
Dan-graderte medlemar
- Ole Severin Nesse, nidan
- Tørres Kjeka, shodan
- Øystein Brandvik, shodan